Båtstoppestaden SteinenFortelling lagt inn av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane |
|||||||||||||||||||||||||||||
![]() © Båtstoppetaden Steinen før 1920. Vi ser ein del personar framfor huset som m.a. romma ein butikk. Tønner ligg pent stabla opp på bryggja og nokre robåtar ligg førtøydde. Steinen vart båtstoppestaden for Førde. Her vart det fleire aktivitetar, m.a. dei første industrielle verksemdene. Men som mange andre stoppestader hadde Steinen si tid berre så lenge båtrutene gjekk, og har i vår tid tapt sin sentrale plass i DampskipsekspedisjonenI 1860-åra vart det bygt veg ut til Steinen, m.a. etter påtrykk frå Jølster. Kaia stod ferdig i 1868, men straks etter rasa kaia ut. Og ny kai måtte byggjast. Kaia var så viktig at Fylkesbaatane engasjerte seg i bygginga, noko som sjeldan hende. Frå 1868 til 1990 var Steinen ein sentral stoppestad i Fylkesbaatane sine ruter. IndustriAnton sin bror, Emil, dreiv tønnefabrikken, og hadde to fartøy til fiskehandel og fraktfart, motorjekta “Evigheden” og motorkuttaren “Sigurd”. Han tok over tønnefabrikken i 1915, den første eigenlege industriverksemda i Frå sentralpunkt til periferiFrå 1917 til 1923 vart ny kai og nytt ekspedisjonsbygg sett opp, og veg og plass vart utvida. Trafikken på 1920-talet og i tida etterpå representerte høgdepunktet i aktiviteten på Steinen. Då var det kring femti personar som hadde sitt daglege arbeid her. Det var bruk for fire til seks mann under båtekspedisjonane. I tillegg kom arbeidarane på tønnefabrikken og ullspinneriet. Til tider kunne det vere 800 til 1200 sekkar i ei båtlast, i 1918 var dette den ekspedisjonen som ekspederte mest varer: kring 500 dyr, kring 2000 kolli kjøt, like mange dunkar smør, 2500 sekker og 3500 kassar varer. Dei neste par tiåra auka ikkje godsmengda nemneverdig. |
![]() © På Steinen 2. pinsedag 1926. Ved kaia ligg Framnæs og Fjalir.
|
||||||||||||||||||||||||||||
February 7, 2009
Båtstoppestaden Steinen
June 16, 2009
Vekstsenteret Førde
![]() Flyfoto frå Førde 1984-1985 |
Allereie før 1960 var Førde eit viktig senter for mange av dei som budde i nærleiken. Det var der senteret i kommunen låg og alt av butikkar og bedrifter var å finne i Førde. I 1965 vart Førde utpeika til vekstsenter og grunnen til det var at det låg godt geografisk plassert i forhold til resten av fylket . Det var lett å komme seg til Førde også på den tida og Førde som vekstsenter skulle vere ein motor som skulle hindre fråflytting og snu flyttestraumen. Andre grunnar til at Førde var utpeika til vekstsenter, var fordi det var god plass til utbygging Å gjere Førde til eit tilflyttingsstad viste seg å bli ein stor suksess og folketalet auka frå 2000 til 11000 på 40 år.
Bygg som vart bygde i 1960-1985
Mange av bygga som vart bygd på denne tida står den dag i dag og er også i bruk per dags dato. – Førde Ungdomsskule, 1971 – Halbrend skule, 1974 – Førdehuset, 1976 – Vie senter, 1978 – Førde Sentralsjukehus 1979.
Førde Sentralsjukehus og Vieåsen
Allereie i 1971 vedtok Stortinget at Førde sentralsjukehus skulle bli bygd, i staden for og byggje ut dei fire andre sjukehusa i Sogn og Fjordane. Dette vart sterkt kritisert og kring om i fylket deltok mange i fakkeltog i protest. Men det vart vedtatt og dei begynte å byggje Sentralsjukehuset i 1976. I 1979 stod Førde sentralsjukehus ferdig, og samtidig med det vart bustadområdet i Vieåsen planlagt. Sjukehuset hadde skaffa 1000 nye arbeidsplassar og trengte fleire bustader. Derfor lagde dei ein planen ved å fjerne all skog oppe i Vieåsen og byggje tre store blokker, men Otto Wiger hadde ein betre ide. Det han gjorde var å byggje tun i staden for sementblokker og fikk like mange buplassar og likevel ta vare på naturen. Han markerte alle dei trea som skulle fellast og gav store bøter på, mange tusen kroner, dersom ein felte eit tre som ikkje skulle fellast. I 1979, samtidig med sjukehuset, var bustadfelta i Vieåsen ferdigbygd, og klart for innflytting. 10 år seinare vant Vieåsen ein pris for fylkets beste nærmiljø.
Firda Billag
Firda Billag var eit ruteselskap som hadde ein stor vekst og hadde over 100 kjøretøy på byrjinga av 1960-talet og var blant dei største transport selskapa i sin tid. Firda Billag hadde hovudkontor sitt i Førde og det hadde ein del og seie for Førde som vekstsenter. Det gjorde det lettare og reise til Førde og i 1973 fekk Firda Billag sin første flyttebuss eller kombobuss som gjorde det enda lettare å reise til Førde med mykje bagasje. I 1979 hadde billaget kombobussar nok til 4630 passasjerar og 603 tonn med gods. Billaget voks ellers også veldig mykje fram til 1980.
Ankerløkken Førde
På eit 86 dekar stort industriområde på Øyrane vart Ankerløkken Verft bygd i 1971. Det var eigaren og grunnleggjaren av Ankerløkken, Hamarmannen Ole E. Aaserud, som sjølv tok initiativet til bygging av Førde-verftet. Verftet i Førde bygde både heile skip og forskip, som etter sjøsetting vart sveisa saman med akterskipet, bygd ved avdelinga i Florø. På det meste hadde Førdeverftet i denne tida 400 tilsette. Men i 1985 vart verftet slått konkurs. Førde-verftet stod på det næraste folketomt i lang tid. Nokre få tilsette, med Kjell Foss som dagleg leiar, skipa Førde Maritime Industri, som dreiv delproduksjon i mindre målestokk i verkstadhallane. Den mest suksessrike avleggjaren av Ankerløkken Førde i denne tida var designselskapet Multi Maritime AS. Det var ikkje før i 1989 at verftet starta opp drifta igjen, då vertseigar John Kleven frå Ullsteinvik kjøpte opp dei to verfta i Førde og Florø. I 1991 vart dei to verfta kjøpt opp av Kværner, frå og med dette stadiet vart dei to samanslutta og verftet på Ankerløkken gjekk no under namnet Kværner Florø, avdeling Førde. Etter dette følgde ein oppgangsperiode for skipsbyggarane i Førde og Florø, etterfulgt av ein sterk økonomisk nedgang i Kværnergruppa, dette førte til at dei to verfta vart solgt tilbake til Kleven-gruppa i Ulsteinvik. Dette førte blant anna til endå eit namneskifte, denne gongen til Kleven Florø AS, avdeling Førde. I 2001 var det 170 arbeidarar på avdeling Førde. Men i 2003 vart heile aktiviteten i Førde lagt ned og dei tilsette vart permitterte eller vart flytta til avdeling Florø. Det var ikkje før i 2005 det skulle bli aktivitet på Ankerløkken igjen. Då kjøpte Ankerløkken Eigedom AS tomt med byggningar for 21 millionar kroner. Etter oppkjøpet gjorde selskapet ei avtale om å leige ut området for skipsbygging i 2 nye år etter å ha sikra seg ei kontrakt på nærmare 1,7 milliardar kroner for bygging av fleire kjemikalietankarar. Men det skulle ikkje går meir en ca eit år før endå eit eigarskifte råka verfta i Førde og Florø. I 2006 kjøpte Aker Yards dei to selskapar Kleven Florø og Kleven Design for 60 millionar kroner.
Flyplass på Øyrane 1971-1986
Førde kommune starta planlegging av ny flyplass då kommunen vart utpeika som vekstsenter i 1965. I samband med utbygging av kai til industriområdet på Øyrane brukte dei den oppmudra massen til å bygge ei flystripe i den nordlege delen av industriområdet. Dei hadde ikkje gjort formelt vedtak om at det skulle byggast ein kommunal flyplass, før etter grovfyllinga av flystripa var ferdig. I 1971, same året som Ankerløkken opna sitt nye skipsverft, vart flyplassen på Øyrane opna for trafikk. Når småflyplassen på Øyrane vart nytta, måtte dei store verftskranane køyrast til side for å kome ut av den påbodne sikringssona når flya skulle lande og lette. Flyplassen på Øyrane fekk på grunn av plasseringa berre mellombels driftsløyve, og i 1986 var den avløyst av ny Førde Lufthamn, bygd på Bringeland i Gaular.
Førde sementvare på Bruland
Utover 1960-åra vart fabrikkanlegget på Steinen for lite. Karl Opseth hadde allereie då gått med tankar om vidare oppbygging av nye sandsiloar med oppvarming. På Bruland var det store sandressursar, og i 1951 vart det gjort avtale om å kjøpe sand til betongvareproduksjonen.
| Førde |
| Publisert: 30.10.2008 |
| Førde |
| Arbeidsliv/Industri Utforsk ditt lokalsamfunn/Samfunnsfag |
February 7, 2009
1905 – Førde kommune
|
1905 – Førde kommuneI 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om tida kring 1905 i Førde kommune. Førde kommune i 1905 Førde var ein jordbrukskommune i 1905, men folketeljinga i 1900 viser at halvparten hadde då eit tilleggsyrke til gardsdrifta. Det var åtte meieri i kommunen; Fauske, Indre Angedalen, Nedre Angedalen, Sundsdalen, Vie, Holsen, Gjerland og Hårklau. Handel, sørvis og ulike handverksnæringar vaks fram i denne perioden. Med berre elleve i heile kommunen som dreiv med handel, var det langt fram til dagens status som handelssenteret i fylket. Turismen var også så smått komen i gang. Laksefisket i Jølstra drog turistar hit. Fylkesbaatane hadde stoggestader i Ervik og på Steinen. Førde “tettstad” i 1905 Kommunen hadde ein bank (Førde sparebank). Frk. Thesen styrde den einaste telegrafstasjonen i kommunen, og var ein av dei få sjølvstendige kvinnelege lønnstakarane på denne tida. Det var to postopneri i kommunen, i Førde og Holsen. Postopnar i Førde var heradskasserar A. Hafstad. I Holsen var gardbrukar Gjert M. Holsen postopnar. I 1905, som i 2005, var her to hotell. Frk. Anna Hafstad dreiv Hafstad hotell, medan landhandlar Bernt Sivertsen dreiv Sivertsens hotell. Sistnemnde var også fast skysstasjonshaldar. Vegar og samferdsle på vatna I bygdene som låg langs dei store vatna, Movatnet, Åsavatnet, Holsavatnet og Haukedalsvatnet, var vatnet ei sjølvsagt ferdslesåre, sommar som vinter. Robåtar om sommaren og hest med slede eller kjerre om vinteren. Dei største båtane, øykjabåtar, vart nytta til frakt av dyr og varer, eller når det bles for sterkt for ein liten robåt. Dessutan var desse båtane nytta ved gravferder og bryllaup. Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, – gjennom smånotisar og i større oppslag. Fjordenes Tidende melde at “Fjordenes kreds af N. K. U. F” kunne feire 10-års jubileum og at i løpet av vinteren og våren hadde det kome mange nye lag til krinsen. Avisa Sogns Tidende melder om at det var ei større ombygging av Hafstad hotell “.., saa dette sjelden vakkert beliggende hotel vil presentere seg for kommende sommers turister i en baade betydligt forstørret og forskjønnet skikkelse”. Ei anna sak som opptok folk var storbrannen i Ervik dette året. I fylgje avisa Fjordenes Tidende brann både Ervik saftkokeri, sagbruk, listeri og høvleri, dampskipsekspedisjon, posthus og ein landhandel opp. Den einaste drukningsulykka i Holsenvatnet skjedde også dette året. Nokre sauer for ned på isen og gjekk gjennom den tynne isen. I arbeidet med å redde sauene, kvelvde redningsbåten og ein mann drukna. Folk var også opptekne av den fæle skredulukka i Loen, som vart omtala i aviser landet over. Nokre nøkkelpersonar Lag og organisasjonar Frigjeringskamp med målsak og flaggsak var identisk med den frilynte ungdomsslagsrørsla og Nedre Angedalen ungdomslag og gutane frå Mo jordbruksskule gjekk i bresjen for det reine norske flagget då dei 17.mai 1895 toga inn i Førde med reint norsk flagg. 17. mai 1905 I Førde var dagen feira med både gudsteneste og barnetog. Avisa Fjordenes Blad melder at presten og ei lærarinne gjekk i spissen for barnetoget med ” ..17.mai frisk fedrelandssong under dei norske flagg, medan klokkaren sat heime og sytte over den nasjonale villskapen. I kyrkja var sungne Blixsalmar, liksom dei også so smaatt gjekk att i preiki ..” Vi veit ikkje kven denne denne klokkaren er som får så hard medfart, men han var kanskje ein unionsmann ? 7. juni 1905 Presten i Førde har ikkje ført noko inn i dagsregisteret om denne preika, men det må ha vore 1. pinsedagspreik ein eller anna stad i prestegjeldet, så den manglande innføringa skuldast nok ei forgløyming. Det var ikkje alle prestar som var like flittige med å føre inn gjeremåla sine i denne “dagboka”. Det var berre nokre få dagar mellom unionssoppløysinga og 1. pinsedag og ikkje alle prestar hadde fått kunngjeringa i hende til pinsedagspreika. Mange prestar valde då å be ei bøn for fedrelandet og lese opp kunngjeringa den påfølgjande preikesøndagen. Folkerøystingane – røysterett og valstyre Førde valsokn var stort og omfatta prestegjelda Førde og Naustdal, som igjen omfatta dei tre kommunane Førde, Naustdal og Vevring. Valstyret var slik samansett: lensmann i Førde, Albert Steen (formann), O. M. Erdal, L. Røyseth, O. Schei, O. Eikeland, R. Gjerland, Olai Horstad, G. B. Thune, S. E. Horstad, R. Grimeland, A. G. Hegrenes, G. M . Olsen, Andr. Vefring, L. Botnen, Anders Sæle, L. T. Farsund. Røystestader Folkerøystinga i august – ja eller nei til unionsoppløysinga Resultatet av folkerøystinga for Førde valsokn: 1308 menn hadde røysterett. Det vart avgjeve 1166 godkjende røyster. Alle røysta ja. Frammøteprosenten for Førde var på 89, 4. Privat kvinneunderskriftsaksjon Innsamlinga av underskrifter vart ordna på ulike måtar. Det vart lagt ut lister i avisredaksjonar, på butikkar og dei vart sende husa i mellom. Dei hadde berre nokre veker på seg, så det måtte gå snøgt. Kvinnene nytta det dei hadde av nettverk og med ein breitt samansett aksjon var det mange mogelege mottakarar, kvinner som menn, venstrefolk, lærarar, målfolk, embetsfolk ol. Førde skulle difor ha potensielle motakarar. Vi har ikkje funne slike lister frå Førde, men det tyder ikkje at slike lister ikkje har vore i omløp. Folkerøysting i november – kongedømme eller republikk Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 røysta for kongedømme, 2 808 røysta for republikk. Den nye kongefamilien Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet, men vi er ikkje kjende med at det vart sendt slike telegram frå Førde kommune. Det kan det likevel ha vore. Med stortingsmann frå kommunen og stort fleirtal for kongedøme, ville det vere underleg om ikkje kommunestyret, lag eller liknande sende ei slik helsing. Fest og glede ved utgangen av året Torsdag 7. desember 1905 – halvårsdagen for 7. juni – vart det halde takkegudstenester rundt om i landet. Kyrkjedepartementet fastsette i rundskriv at dagens tekst skulle vere Salmane 118, 23-26 og rådde til å syngje Blix si fedrelandssalme ” Gud signe vårt dyre ferdreland”. Presten i Førde heldt takkegudsteneste i Førde kyrkje for ” .. fædrelandets lykkelige udfrielse.” som han skreiv i dagsregisteret. Fedrelandssalmen til Blix, ” Gud signe vårt dyre ferdeland” vart sungen over heile landet denne dagen, også i Førdekyrkja, likeeins Kongesangen. Det var dårleg ver, men det hindra likevel ikkje førdianarane å møte opp. Om dei også feira dagen på andre måtar, kjenner vi ikkje til.
|
Vellkommen til Steinen
Anders A. Steen (1812-1885) frå Holsen vart dampskipsekspeditør for Fylkesbaatane i 1869 og etablerte handel ved dampskipskaia si på Steinen. Sonen Ole tok over 1878, og dreiv også trelasthandel. Handelsfamilien Steen bygde etterkvart ut verksemda på Steinen med kassefabrikk, og tønnefabrikk frå 1915-1929. Her var også losji, brevhus og rikstelefonstasjon ei tid. Emil Steen, som dreiv tønnefabrikken, hadde også båtar som dreiv fiske og fraktfart.
Frå tønnefabrikken på Steinen før 1920. Foto SUM













